Kurs: Kontstrikk


Kursholder:
Solveig Orstad Teigen, Fron husflidslag

Kurs 1
Tid og sted: 10.00–12.45, Festsalen, bak scena, Kulturhuset Banken
Pris: kr. 750 (inkl festivalbillett)

Kurs 2
Tid og sted: 15.00–18.00, Festsalen, bak scena, Kulturhuset Banken
Pris: kr. 750 (inkl festivalbillett)

Om kurset:
Kontstrikk - kan vere enkel sylinder so til dømes pulsvarmar og panneband , eller  forma som vesker av forskjellig slag, til meir kompliserte produkt som body.

Dette kurset er primært for dykk som ikkje har strikka kont før, men også for strikkarar som vil lære meir om teknikken.
Når ein strikker kont er det lurt å strikke vekselvis med høgre og venstre hand.  Det blir vektlagt, saman med ymse prinsipp. 

Ta med til:
Pulsvarmar: 2 fargar ullgarn og buepinnar eller strømpepinnar som høver til garnet. 
Øyrevarmar: 2 fargar ullgarn og liten rundepinne.
Liten pung:  Litt tjukt bomull-, lin- eller silkegarn og buepinnar eller strømpepinnar som høver til garnet.

Om Solveig Orstad Teigen:
Solveig strikka sitt første plagg i kontstrikk først på åttitalet. Sidan har ho brukt teknikken jamt og trutt.  Solveig har formell utdanning som vevlærar, men har strikka sidan ho var lita jente.  Når ho strikkar kan ho bruke andre sine oppskrifter som inspirasjon, men likar å forme  eigne produkt. Mange oppskrifter til desse er å finne på websida www.strikketeigen.com.